31 Såleis rådde Josjafat i Juda. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
32 Josjafat følgde den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.
33 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hjartet til sine fedrars Gud.
34 Det som elles er å seia om Josjafat, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til Jehu, son til Hanani. Ho er teken med i boka om Israels-kongane.
35 Sidan allierte Josjafat, Juda-kongen, seg med Ahasja, Israels-kongen, han som var skuld i så mykje urett.
36 Han gjekk saman med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis. Dei bygde skipa i Esjon-Geber.
37 Då profeterte Elieser, son til Dodava frå Maresja, mot Josjafat og sa: «Fordi du har alliert deg med Ahasja, skal Herren øydeleggja verket ditt.» Skipa forliste, så dei kunne ikkje segla til Tarsis.