1 Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen til David, stamfar sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.
2 Joram hadde fleire brør, søner av Josjafat. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.
3 Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og kostbare ting, i tillegg til festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram, for han var den førstefødde.
4 Då Joram hadde teke over kongedømet etter far sin og hadde sikra seg makta, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av leiarane i Israel.
5 Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
6 I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge.
7 Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville Herren ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.