12 Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.
13 Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.
14 Difor vil Herren slå både folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig, med ei stor plage.
15 Og sjølv skal du bli ramma av store lidingar, ein sjukdom i innvolane som gjer at dei til sist fell ut.
16 Så eggja Herren opp filistrane mot Joram, saman med dei arabarane som budde bortmed kusjittane.
17 Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.
18 Etter alt dette ramma Herren han med ulækjande sjukdom i tarmane.