17 Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.
18 Etter alt dette ramma Herren han med ulækjande sjukdom i tarmane.
19 Til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at tarmane hans fall ut, og han døydde under store smerter. Folket kveikte ikkje noko bål til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.
20 Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.