7 Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville Herren ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.
8 I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.
9 Då rykte Joram ut dit med hærførarane sine og alle stridsvognene. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene.
10 Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør mot Joram fordi han hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.
11 Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, han fekk dei som budde i Jerusalem, til å driva hor, og han førte judearane på avvegar.
12 Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.
13 Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.