1 Dei som budde i Jerusalem, gjorde Ahasja, yngste son til Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein røvarflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda.
2 Ahasja var førtito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri.
3 I si ferd var Ahasja òg som kongane av Ahabs hus, for mor hans rådde han til å gjera urett.
4 Han gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik som Ahabs hus. For dei var rådgjevarane hans etter at far hans var død, og det øydela han.