1 Dei som budde i Jerusalem, gjorde Ahasja, yngste son til Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein røvarflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda.
2 Ahasja var førtito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri.
3 I si ferd var Ahasja òg som kongane av Ahabs hus, for mor hans rådde han til å gjera urett.
4 Han gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik som Ahabs hus. For dei var rådgjevarane hans etter at far hans var død, og det øydela han.
5 Det var etter deira råd at han saman med Israels-kongen Joram, son til Ahab, gjekk til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.
6 Då vende han attende til Jisreel for å få lækt dei såra som han hadde fått ved Ramot i kampen med aramearkongen Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, son til Ahab, medan han låg sjuk.
7 Men Gud ville at Ahasja skulle gå til grunne når han kom til Joram. Då han kom dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å utrydda Ahabs hus.