7 Men Gud ville at Ahasja skulle gå til grunne når han kom til Joram. Då han kom dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å utrydda Ahabs hus.
8 Og medan Jehu heldt på å setja i verk dommen over Ahabs hus, møtte han leiarane frå Juda og brorsønene til Ahasja, som var i teneste hos kongen, og han drap dei.
9 Så leita han etter Ahasja. Dei tok han medan han heldt seg løynd i Samaria. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er ein etterkomar av Josjafat, han som søkte Herren av heile sitt hjarte.» No var det ingen att av Ahasjas hus som var i stand til å ta over kongsmakta.
10 Då Atalja, mor til Ahasja, fekk vita at son hennar var død, byrja ho med ein gong å rydda ut heile kongsætta i Juda.
11 Men kongsdottera Josjabat tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde Josjabat guten for Atalja, så ho ikkje kunne drepa han. Josjabat var dotter til Joram og gift med presten Jojada. Ho var altså syster til Ahasja.
12 I seks år heldt han seg løynd hos dei i Guds hus medan Atalja styrte i landet.