1 Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ei pakt med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Maaseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri.
2 Dei fór omkring i Juda og samla levittane frå alle byane i Juda og leiarane for familiane i Israel. Så kom dei til Jerusalem.
3 Der gjorde heile forsamlinga ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: «Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner.
4 Dette skal de gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal vakta dørene.
5 Den andre tredjeparten skal vera ved kongeborga, den tredje ved Jesod-porten, og alt folket skal vera i føregardane til Herrens hus.