12 Då Atalja høyrde ropet frå folkemengda som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.
13 Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla si ved inngangen, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar og songarane leidde lovsongen med instrumenta sine. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»
14 Men presten Jojada sende hundremannsførarane ut, dei som stod i spissen for hæren, og sa til dei: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, skal han døy for sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.»
15 Så greip dei Atalja. Dei førte henne til Hesteporten, som leier inn til kongeborga, og der drap dei henne.
16 Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk.
17 Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altara.
18 Til å ha tilsyn med Herrens hus sette Jojada dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i tempelet, til å bera fram brennoffer for Herren som skrive står i Moselova, med glede og song slik David ville.