3 Der gjorde heile forsamlinga ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: «Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner.
4 Dette skal de gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal vakta dørene.
5 Den andre tredjeparten skal vera ved kongeborga, den tredje ved Jesod-porten, og alt folket skal vera i føregardane til Herrens hus.
6 Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er helga. Men alt folket må halda seg etter Herrens ordning.
7 Levittane skal stilla seg i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i tempelet, skal han døy. Dei må følgja kongen kvar han går og står.»
8 Levittane og alle judearane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing. For presten Jojada hadde ikkje late skifta fara heim.
9 Presten Jojada gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som hadde høyrt kong David til, og som var i Guds hus.