1 Joasj var sju år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.
2 Joasj gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde.
3 Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
4 Etter ei tid sette Joasj seg føre å utbetra Herrens hus.
5 Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå alle israelittane til år for år å setja i stand huset til dykkar Gud etter som det trengst. De må skunda dykk å gjera dette!» Men levittane skunda seg ikkje.
6 Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til teltet med vitnemålet som Moses, Herrens tenar, og Israels forsamling har fastsett?
7 For den gudlause Atalja og sønene hennar har trengt seg inn i Guds hus og jamvel nytta alt det heilage frå Herrens hus for Baal-gudane.»