12 Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å utbetra Herrens hus og jernsmedar og koparsmedar til å setja det i stand.
13 Arbeidsleiarane sette arbeidet i gang, og under deira leiing gjekk utbetringane framover. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.
14 Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga utstyr til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, skåler og anna utstyr av gull og sølv. Så lenge Jojada levde, bar dei dagleg fram brennoffer i Herrens hus.
15 Jojada vart gammal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år gammal då han døydde.
16 Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.
17 Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.
18 Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette.