1 Amasja var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
2 Han gjorde det som rett var i Herrens auge, men ikkje med eit heilt hjarte.
3 Så snart Amasja hadde sikra seg kongsmakta, drap han dei tenarane som hadde slege i hel far hans, kongen.
4 Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.
5 Sidan samla Amasja judearane og stilte dei opp, familie for familie, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra alle som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsføre menn som kunne bruka spyd og skjold.