11 Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir,
12 og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman.
13 Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.
14 Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, hadde han gudane til folket i Se'ir med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, tilbad dei og tende offereld for dei.
15 Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»
16 Men då profeten tala slik til han, sa Amasja: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp, elles blir du slegen i hel.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å utrydda deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»
17 Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.