17 Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.
18 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.
19 Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte overmodig og vil vinna ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»
20 Men Amasja ville ikkje høyra på han; for dette var frå Gud. Han ville gje dei over i hans hender fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.
21 Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
22 Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt.
23 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.