23 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.
24 Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Guds hus, hos Obed-Edom og i skattkammera i kongeborga, dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.
25 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.
26 Det som elles er å seia om Amasja, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27 Då Amasja tok til å venda seg bort frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
28 Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd hos fedrane sine i Juda-byen.