7 Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene.
8 Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»
9 Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»
10 Då skilde Amasja ut troppane som var komne til han frå Efraim, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på judearane og vende heim i fullt sinne.
11 Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir,
12 og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman.
13 Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.