12 Dei djerve krigarane som var leiarar for familiar, var 2600 i talet.
13 Under dei stod det ein hær på 307 500 mann. Med kraft og styrke hjelpte dei kongen i krig mot fienden.
14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.
15 I Jerusalem fekk han utvikla nye og sinnrike krigsmaskinar. Dei skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Slik vart namnet til kongen kjent vide ikring, for han fekk hjelp på underfullt vis så han fekk stor makt.
16 Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.
17 Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn.
18 Dei stilte seg i vegen for kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Aron-sønene som er helga til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hos Herren din Gud.»