3 Ussia var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
4 Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort.
5 Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.
6 Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane.
7 Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane.
8 Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig.
9 Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke.