1 Ahas var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens auge, så som David, stamfar hans, hadde gjort.
2 Han følgde vegane til Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Baal-gudane.
3 Han tende offereld i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein avskyeleg skikk hos dei folkeslaga som Herren hadde drive bort for israelittane.
4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.