11 Høyr no på meg! Send tilbake dei fangane som de har teke mellom brørne dykkar! For Herrens brennande vreide er over dykk.»
12 Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram mot dei som var komne att frå krigen. Det var Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai.
13 Dei sa: «Før ikkje fangane hit! Har de tenkt å la endå større synd og skuld koma over oss, vi som alt er skuldige for Herren? Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»
14 Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga.
15 Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Så fór dei heim att til Samaria.
16 På same tid sende kong Ahas bod til kongen av Assur og bad om hjelp.
17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.