14 Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga.
15 Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Så fór dei heim att til Samaria.
16 På same tid sende kong Ahas bod til kongen av Assur og bad om hjelp.
17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.
18 Og filistrane plyndra Juda-byane, både i låglandet og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, Soko med landsbyane som høyrde til, Timna med landsbyar og Gimso med landsbyar. Og dei busette seg der.
19 For Herren ville audmjuka Juda på grunn av Ahas, kongen over Israel. Han hadde ikkje halde Juda i taumar, han hadde vore trulaus mot Herren.
20 Men Tiglat-Pileser, kongen av Assur, drog ut mot han og kringsette han i staden for å hjelpa.