24 Ahas samla òg alt utstyret som var i Guds hus, og slo det sund. Så stengde han dørene til Herrens hus og laga seg altar i kvart hjørne av Jerusalem.
25 I kvar einaste by i Juda laga han offerhaugar og tende offereld for andre gudar. Slik gjorde han Herren, sine fedrars Gud, rasande.
26 Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27 Ahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; men dei la han ikkje i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.