4 Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5 Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han og tok ei mengd fangar, som dei førte til Damaskus. Ahas vart òg gjeven i hendene på Israels-kongen, som gav han eit stort nederlag.
6 Pekah, son til Remalja, drap på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve krigarar. Det hende fordi dei hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.
7 Sikri, ein krigar frå Efraim, drap Maaseja, kongssonen, og Asrikam, borgherren, og Elkana, som var nest etter kongen.
8 Israelittane tok to hundre tusen av brørne sine som fangar, med koner, søner og døtrer. Dei tok òg eit stort bytte frå dei og førte det til Samaria.
9 Der var det ein av Herrens profetar som heitte Oded. Han gjekk ut mot hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr, Herren, dykkar fedrars Gud, var harm på judearane og gav dei over i hendene dykkar. Men de har drepe dei med slikt raseri at det har nådd heilt til himmelen.
10 Og no tenkjer de på å gjera menn og kvinner frå Juda og Jerusalem til slavane dykkar. Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud?