1 Hiskia vart konge då han var tjuefem år gammal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja.
2 Hiskia gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt slik David, stamfar hans, hadde gjort.
3 I det første styringsåret sitt, i den første månaden, opna han dørene til Herrens hus og sette dei i stand.
4 Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust.
5 Han sa til dei:«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!