11 Ver no ikkje likesæle, sønene mine! For dykk har Herren valt ut til å stå for hans andlet og tena han, til å vera tenarane hans og brenna røykjelse.»
12 Då stod desse levittane fram: av Kehat-sønene Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja; av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel; av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah;
13 av Elisafan-sønene Sjimri og Je'uel; av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja;
14 av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.
15 Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.
16 Så gjekk prestane inn i Herrens hus for å reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.
17 Den første dagen i den første månaden tok dei til med vigslinga, og den åttande dagen var dei komne til Herrens forhall. Så helga dei tempelet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den første månaden var dei ferdige.