14 av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.
15 Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.
16 Så gjekk prestane inn i Herrens hus for å reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.
17 Den første dagen i den første månaden tok dei til med vigslinga, og den åttande dagen var dei komne til Herrens forhall. Så helga dei tempelet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den første månaden var dei ferdige.
18 Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «Vi har reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret med alt som høyrer til, og skodebrødsbordet med alt som høyrer til.
19 Vi har sett i stand og helga alt det utstyret som Ahas i si truløyse fjerna då han var konge. No står det på plass ved Herrens altar.»
20 Tidleg neste morgon samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.