19 Vi har sett i stand og helga alt det utstyret som Ahas i si truløyse fjerna då han var konge. No står det på plass ved Herrens altar.»
20 Tidleg neste morgon samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.
21 Dei kom med sju oksar, sju vêrar, sju lam og sju geitebukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for judearane. Og kongen baud Aron-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.
22 Dei slakta oksane, og prestane tok imot blodet og stenka det på altaret. Så slakta dei vêrane og stenka blodet på altaret. Og dei slakta lamma og stenka blodet på altaret.
23 Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og forsamlinga. Dei la hendene sine på dei.
24 Prestane slakta dei og bar fram blodet til altaret som eit syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile Israel.
25 Så lét han levittane stilla seg opp i Herrens hus med symbalar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren til kongen, og Natan, profeten, hadde bode. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.