2 Hiskia gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt slik David, stamfar hans, hadde gjort.
3 I det første styringsåret sitt, i den første månaden, opna han dørene til Herrens hus og sette dei i stand.
4 Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust.
5 Han sa til dei:«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!
6 For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til.
7 Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud.
8 Difor er Herrens harme komen over Juda og Jerusalem. Han har gjeve dei over til redsle, øydelegging og spott, som de ser med eigne auge.