23 Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og forsamlinga. Dei la hendene sine på dei.
24 Prestane slakta dei og bar fram blodet til altaret som eit syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile Israel.
25 Så lét han levittane stilla seg opp i Herrens hus med symbalar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren til kongen, og Natan, profeten, hadde bode. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.
26 Så stod då levittane der med musikkinstrumenta til David, og prestane med trompetar.
27 Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, sette songen for Herren og trompetane i, saman med instrumenta til David, Israels konge.
28 Heile forsamlinga bøygde seg og tilbad medan songen ljoma og trompetane klang, og det heldt ved til ofringa var slutt.
29 Då dei var ferdige med ofringa, fall dei på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han.