33 Dei andre heilage offergåvene var seks hundre oksar og tre tusen sauer.
34 Men prestane var for få til å flå alle brennofferdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde helga seg av eit oppriktig hjarte, meir enn prestane.
35 Attåt den store mengda med brennoffer kom feittet av fredsoffera og drikkoffera som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk.
36 Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket, for alt hadde gått så fort.