4 Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust.
5 Han sa til dei:«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!
6 For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til.
7 Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud.
8 Difor er Herrens harme komen over Juda og Jerusalem. Han har gjeve dei over til redsle, øydelegging og spott, som de ser med eigne auge.
9 Sjå, difor er fedrane våre falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.
10 No ligg det meg på hjartet å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.