9 Sjå, difor er fedrane våre falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.
10 No ligg det meg på hjartet å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.
11 Ver no ikkje likesæle, sønene mine! For dykk har Herren valt ut til å stå for hans andlet og tena han, til å vera tenarane hans og brenna røykjelse.»
12 Då stod desse levittane fram: av Kehat-sønene Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja; av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel; av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah;
13 av Elisafan-sønene Sjimri og Je'uel; av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja;
14 av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.
15 Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.