10 Ilboda drog frå by til by gjennom Efraims og Manasses land og heilt til Sebulon. Men folk berre lo av dei og hånte dei.
11 Likevel var det somme frå Asjer, Manasse og Sebulon som audmjuka seg og kom til Jerusalem.
12 I Juda òg var Guds hand verksam, så folket heilhjarta gjorde det som kongen og stormennene hadde påbode etter Herrens ord.
13 Det samla seg mykje folk i Jerusalem for å feira høgtida med usyra brød i den andre månaden. Det vart ei svært stor forsamling.
14 Dei gjekk i gang med å fjerna dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.
15 Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle, og dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.
16 Dei stod på plassane sine, slik det var føreskrive i lova til gudsmannen Moses. Og prestane stenka blodet som levittane gav dei.