11 Likevel var det somme frå Asjer, Manasse og Sebulon som audmjuka seg og kom til Jerusalem.
12 I Juda òg var Guds hand verksam, så folket heilhjarta gjorde det som kongen og stormennene hadde påbode etter Herrens ord.
13 Det samla seg mykje folk i Jerusalem for å feira høgtida med usyra brød i den andre månaden. Det vart ei svært stor forsamling.
14 Dei gjekk i gang med å fjerna dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.
15 Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle, og dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.
16 Dei stod på plassane sine, slik det var føreskrive i lova til gudsmannen Moses. Og prestane stenka blodet som levittane gav dei.
17 Det var mange i forsamlinga som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, for å helga dei til Herren.