21 Israelittane som var i Jerusalem, feira høgtida med usyra brød i sju dagar med stor glede. Og levittane og prestane lova Herren av all kraft dag etter dag.
22 Hiskia rosa alle dei levittane som hadde vist god forstand i Herrens teneste. I sju dagar feira dei høgtida. Dei slakta fredsoffer og takka Herren, sine fedrars Gud.
23 Men så vart heile forsamlinga samd om å halda høgtid endå i sju dagar. Desse sju dagane feira dei òg med glede.
24 Hiskia, kongen i Juda, gav forsamlinga tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.
25 Heile Juda-forsamlinga gledde seg saman med prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel. Det gjorde innflyttarane òg, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.
26 Gleda var stor i Jerusalem, for noko slikt hadde ikkje hendt i Jerusalem sidan den tid då Salomo, son til David, var konge i Israel.
27 Prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.