1 Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei slo sund steinstøttene, hogg ned Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara i heile Juda og Benjamin, i Efraim og Manasse, til det ikkje var noko att av dei. Så vende alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.
2 Hiskia fastsette på nytt skiftordninga for prestane og levittane. Kvar prest og levitt fekk si særskilde teneste. Dei skulle bera fram brennoffer og fredsoffer, gjera teneste og syngja takke- og lovsongar ved portane til Herrens leir.
3 Kongen gav ein del av det han eigde, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, som skrive står i Herrens lov.
4 Han sa òg at folket som budde i Jerusalem, skulle gje prestane og levittane den delen dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.