17 Prestane var oppskrivne i slektsregisteret etter familiane sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter vaktene sine, skift for skift.
18 Alle var oppskrivne med heile familien sin, med koner, søner og døtrer, for dei skulle helga seg med truskap.
19 For dei av Aron-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by utpeika nokre menn, nemnde med namn, som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteslekt og på alle som var oppskrivne i registeret over levittane.
20 Såleis gjorde Hiskia i heile Juda; han gjorde det som var godt, rett og sant for Herren sin Gud.
21 I alt han tok seg føre, anten det gjaldt tenesta i Guds hus eller lova og boda, søkte han Gud av heile sitt hjarte, og det lukkast for han.