4 Han sa òg at folket som budde i Jerusalem, skulle gje prestane og levittane den delen dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.
5 Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med førstegrøde i stor mengd, av korn og ny vin, fin olje og honning og av alt det dei elles dyrka på marka. Dei kom òg med rikeleg tiend av alt.
6 Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe, og dei kom med heilage gåver som var vigsla til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.
7 I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande månaden var dei ferdige.
8 Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, velsigna dei Herren og Israel, folket hans.
9 Hiskia spurde seg for hos prestane og levittane om desse haugane.
10 Øvstepresten Asarja, som var av Sadoks hus, svara han: «Heilt frå det tok til å koma offergåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. For Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»