7 I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande månaden var dei ferdige.
8 Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, velsigna dei Herren og Israel, folket hans.
9 Hiskia spurde seg for hos prestane og levittane om desse haugane.
10 Øvstepresten Asarja, som var av Sadoks hus, svara han: «Heilt frå det tok til å koma offergåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. For Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»
11 Då sa Hiskia at dei skulle gjera i stand rom i Herrens hus, og dei så gjorde.
12 Folket kom då trufast med offergåvene, tienda og dei heilage gåvene. Levitten Konanja hadde hovudansvaret for gåvene, og Sjimi, bror hans, var nest etter han.
13 Under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Dei var utpeika av kong Hiskia og Asarja, som hadde hovudansvaret for Guds hus.