1 Etter at Hiskia trufast hadde utført alt dette, rykte Sanherib, kongen av Assur, inn i Juda. Han kringsette festningsbyane der og sa at han ville ta dei med makt.
2 Då Hiskia fekk sjå at Sanherib var komen og ville gå til krig mot Jerusalem,
3 samrådde han seg med stormennene og krigsheltane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei støtta han i det.
4 Det samla seg då mykje folk, og dei tetta att alle kjeldene og elva som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle kongen av Assur koma og finna rikeleg med vatn?»
5 Kongen styrkte makta si. Han bygde opp att heile den delen av muren som var nedriven, og reiste tårn på han. Han førte opp ein ny mur utanfor den gamle, og han gjorde Millo i Davidsbyen sterkare. Han fekk laga ei mengd med våpen og skjold.
6 Så sette han hærførarar over folket, samla dei hos seg på plassen framfor byporten og tala oppmuntrande til dei: