15 Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje villeia dykk på denne måten! Tru han ikkje! For ingen gud hos noko folkeslag eller rike har kunna berga folket sitt frå mi hand eller frå fedrane mine. Korleis kan då dykkar gud berga dykk frå mi hand?»
16 Dette og mykje meir tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans.
17 Sanherib skreiv òg brev for å håna Herren, Israels Gud, og han spotta han slik: «Likså lite som gudane til folkeslaga rundt om i landa har berga folka sine frå mi hand, likså lite skal guden til Hiskia kunna berga sitt folk.»
18 Så ropa dei med høg røyst på judeisk til folket i Jerusalem som stod på muren. Dei ville setja skrekk i dei og skremma dei, så dei kunne ta byen.
19 Dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane hos andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.
20 Kong Hiskia og profeten Jesaja, son til Amos, bad og ropa til himmelen.
21 Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle tapre krigarar, hovdingar og stormenn i leiren til assyrarkongen, så han med skam laut fara heim att til landet sitt. Og då han gjekk inn i huset til guden sin, kom nokre av hans eigne etterkomarar og hogg han ned med sverd.