20 Kong Hiskia og profeten Jesaja, son til Amos, bad og ropa til himmelen.
21 Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle tapre krigarar, hovdingar og stormenn i leiren til assyrarkongen, så han med skam laut fara heim att til landet sitt. Og då han gjekk inn i huset til guden sin, kom nokre av hans eigne etterkomarar og hogg han ned med sverd.
22 Slik frelste Herren Hiskia og dei som budde i Jerusalem, frå Sanherib, kongen av Assur, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar.
23 Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med verdfulle ting til Hiskia, Juda-kongen. Han var høgt æra hos alle folkeslag etter dette.
24 På den tid vart Hiskia dødssjuk. Då bad han til Herren, og han svara han og gjorde eit under.
25 Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem.
26 Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.