23 Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med verdfulle ting til Hiskia, Juda-kongen. Han var høgt æra hos alle folkeslag etter dette.
24 På den tid vart Hiskia dødssjuk. Då bad han til Herren, og han svara han og gjorde eit under.
25 Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem.
26 Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.
27 Hiskia skaffa seg stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer for sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, skjold og allslags kostesame ting.
28 Han bygde lagerhus til avlinga av korn, ny vin og fin olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen.
29 Han bygde byar og fekk seg småfe og storfe i mengd, for Gud hadde gjeve han stor rikdom.