25 Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; hjartet hans vart hovmodig. Då kom det vreide over han og over Juda og Jerusalem.
26 Men Hiskia audmjuka seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde dei som budde i Jerusalem. Difor kom ikkje Herrens vreide over dei så lenge Hiskia levde.
27 Hiskia skaffa seg stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer for sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, skjold og allslags kostesame ting.
28 Han bygde lagerhus til avlinga av korn, ny vin og fin olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen.
29 Han bygde byar og fekk seg småfe og storfe i mengd, for Gud hadde gjeve han stor rikdom.
30 Det var Hiskia som tetta att det øvre utløpet av Gihon-kjelda og leidde vatnet nedover mot vest til Davidsbyen. I alt han tok seg føre, hadde Hiskia lukka med seg.
31 Slik var det òg den gongen det kom sendemenn frå stormennene i Babel. Dei var sende til han for å spørja om det underet som hadde hendt i landet den gongen Gud forlét han for å setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjartet hans.