8 Berre menneskeleg styrke er med han, men Herren vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.
9 Etter dette sende Sanherib, kongen av Assur, som låg ved Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var i Jerusalem. Dei skulle seia:
10 «Så seier Sanherib, kongen av Assur: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de blir verande når Jerusalem er kringsett?
11 Hiskia villeier dykk, og han vil la dykk døy av svolt og tørste når han seier: ‘Herren vår Gud skal berga oss frå handa til kongen av Assur.’
12 Har ikkje denne Hiskia teke bort hans offerhaugar og altar og sagt til folket i Juda og Jerusalem: ‘Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de tenna offereld’?
13 Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med folka i alle andre land? Kunne gudane til desse folkeslaga berga landa sine frå mi hand?
14 Kven av alle gudane til desse folkeslaga som fedrane mine slo med bann og utrydda, har kunna berga folket sitt frå mi hand? Og så skulle guden dykkar kunna berga dykk!