1 Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.
2 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.
4 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera til evig tid.»