11 Difor lét Herren hærførarane til assyrarkongen koma mot dei. Dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselenkjer og førte han til Babel.
12 Men då han var i naud, bad han om velvilje for Herren sin Guds andlet. Han audmjuka seg djupt for sine fedrars Gud.
13 Han bad til han og vart bønhøyrd. Gud høyrde ropet hans om nåde og førte han tilbake til Jerusalem og kongeriket hans. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
14 Etter dette bygde han ein ytre mur om Davidsbyen, vestafor Gihon, i dalen, fram til Fiskeporten og rundt Ofel, og han gjorde muren svært høg. Så sette han befalingsmenn i alle festningsbyane i Juda.
15 Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen.
16 Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud.
17 Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.