15 Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen.
16 Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud.
17 Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
18 Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane.
19 Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans.
20 Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd på slottsområdet, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.